I juni i huealongen på uformelt var englehuer eit av mønstra. Eg har strikka seks stykker :) Desse er kjekke å gi bort i barselgåver. Dei var ferdig 30.juni, men det har tatt litt tid å somle seg til å ta bilete og legge ut på nettet i dette fine veret.3. juli 2009
Englehuer/ Hats for Angels
I juni i huealongen på uformelt var englehuer eit av mønstra. Eg har strikka seks stykker :) Desse er kjekke å gi bort i barselgåver. Dei var ferdig 30.juni, men det har tatt litt tid å somle seg til å ta bilete og legge ut på nettet i dette fine veret.8. juni 2009
Selbustring


6. juni 2009
Fleire sjal/ More scarfs
Då har eg endeleg fått tatt bilete av og blogga junisjalet,- det var i grunn ferdig i starten av veka, men eg har ikkje fått tid til å ta bilete og blogga det enno. Lange dagar på jobb. Eg begynte på sjalet då mannen min og eg reiste på ei avslappingshelg til Voss forrige helg, og i det eg var i gong med sjalet og såg korleis det vart angra eg litt på at eg ikkje hadde tatt med eit fleirfarga garn, men, men... Det vart som det vart. ;) Eg tok eit detalj bilete av sjalet og, men det vart visst for mange MB til at resize2mail kunne ordne det... Klikk på biletet for å forstørre dei.
Sidan eg klarte å strikke maisjalet feil (eg strikka att og fram og det skulle strikkast rundt), har eg strikka eit nytt. Kjem garantert til å strikke fleire av desse! Eg har enno ikkje fått tak i sånn hjertenål til å ha på sjalet. Eg vart tipsa om at dei har på Mauds garn, men eg fann det ikkje på nettsida... Men...eg får leite litt til. ;)1. juni 2009
Mars-april sjal/ March/April- scarf

I dag har eg fått montert mars-april sjaleti Hals og sjal alongen. Så då er eg ajour. Juni-sjalet er snart ferdig, sidan me fekk mønsteret på fredag. ;) Eg brukar fortsatt av garnlageret mitt og har enno ikkje kjøpt eit nøste med garn i år... Det verste av alt er at det ikkje synast på lageret at eg har tatt nokre nøster... :( Så det kjem til å ta lang tid før eg kan kjøpe meg meir garn...
Klikk på bileta så vert dei større. Eg har og lagt ut litt nye bileter til innlegga under. Eg likar best når det er bileter ute i det fri, så no har eg endeleg fått ordna det. ;)
Mønster: Garnstudio
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr.: 3,5mm
Brukt: 130 gram
_______________________________
The March/April scarf in the Scarf along is finally done.
24. mai 2009
Hekla gensar/ Crocheted sweater


Endeleg har eg fått montert denne gensaren, som er ei forsinka gåve til ei niese. Mykje plukkarbeid med alle blomstrane. Men kjekt å sjå den ferdig. Nye bilete lagt til i dag 1.juni,- bles mykje i dag. ;) 23. mai 2009
Dean Street Hat
Då er Mai-hua ferdig og eg er ajour med huealongen. Då er det berre mars/april sjalet i hals- og sjalalongen som må ferdigstillast. Eg var i grunn med i Sokker 2009 og, men sidan eg kun har strikka januarsokkane og dermed har februar, mars, april og mai igjen å strikke og juni er rett rundt hjørnet, kjenner eg at eg orkar ikkje å stresse med det. Så...dermed har eg meldt meg av den alongen og får heller hive meg på igjen til neste år. Det blir forhåpentlegvis eit år som er litt meir positivt enn dette har vore så langt. Men no smiler iallefall strikke- og heklemotivasjonen til meg igjen, så dette er kjekt. ;)22. mai 2009
Vaffel hue/ Waffle hat
Snille, søte Tittei gav meg ei utsetjing på april og maihuene i huealongen, ettersom eg heng etter i alle alongane no. Dette er aprilhua. Kjapp og grei å strikke. Strikka den i gårkveld.____________________________
21. mai 2009
Maisjal/ May scarf
Eg heng litt etter i årets alongar pga ein del vonde ting som har skjedd i familien dette halvåret i tillegg til ein del jobbing. Så overskotet har latt vente på seg og motivasjonen har vore langt i frå på topp, men no begynner enkelte ting å kome litt på avstand og det er færre ting å måtte konsentrere seg om på ein gong... Så...kanskje eg er på veg tilbake i strikke-/hekleverda no? Det er lov å håpe...:) Dette sjalet strikka eg i gårkveld og er maisjalet i Hals og sjalalongen. Utruleg kjekt å strikke!! Dette vert det garantert fleire av! På mønsteret visast sjalet med ei sånn hjartenål i tre,- nokon som veit kor ein får tak i slike??
Mønster: Dette fekk me på mail av vertinna i alongen
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 8mm og heklenål nr 3,5mm
Brukt: 21gram
___________________________________
This is the Mayshawl in the neckwarmer and scarf along. I love it and will definitely knit more of these!
Raggsokkar/ Socks
Dette paret er strikka i forsinka bursdagsgåve til ein svoger. Sokkeparet har vore ferdig i ein månad, men eg har ikkje somla meg til å feste trådar og kjøpe siste del av gåva. ;) Men, men...han skal få den så snart me møtast igjen. Brukt: 129gram
Pinnenr.: 3,5mm
______________________________
A pair of socks knitted for a brother-in-law for his Birthday. They have been done for a month, but I still haven't weaved in the threads and bought the last part of his gift, but...eventually I will get it done. ;)
20. mai 2009
Konfirmasjonskort
15. april 2009
Ny blogg/ New blog
_________________________________
Finally, I've got some motivation and inspiration to make cards again. You can see them here: Torunn's papirblogg
22. mars 2009
Bubo Bubo

Då har eg strikka den eine mars hua i Luealongen på HB i dag. Artig hue å strikke. Den vert nok ei jule- eller bursdagsgåve til nokon, vil eg tru.18. mars 2009
Hals / Neck warmer
Denne var ferdig i midten på februar, men eg har ikkje somla meg til å feste knappar på den. Men no er den altså ferdig og ligg til blokking med knappane festa på. Mønsteret fekk me i Hals og skjerfalongen på HB i februar. Viss eg nokon gong strikkar denne igjen og i dette garnet bør eg nok strikke med pinnenr. 3 og ikkje 3,5.Mønster: Eit me fekk i alongen.
Garn: Inka Alpakka
Pinnenr.: 3,5mm
Mengde 28gram.
________________________________
This neck warmer has been done for over a month, but I didn't attach the buttons until this morning. So now it's finally finished. It's knitted in an Alpacca yarn on needles# 3,5mm.
8. mars 2009
Stripey
Februar hua i Huealongen på HB er endeleg ferdig. Februar har vore ein slitsom månad med mykje tunge ting som har skjedd i familien, i tillegg til svært mykje jobbing og dårleg søvn...Det har igjen ført til at det har vore lite overskot og motivasjon til å strikke... Men...eg håpar likevel at hua mi kan bli godkjent for februar.Mønster: Stripey (Ravelry mønster)
Garn: Smart
Pinnenr.: 4mm
Mengde: 78gram
________________________
Finally, the February hat in the hatalong is done. I love the pattern!
23. februar 2009
Babydress
Litt lite blogging frå denne kanten, då det er litt mykje som skjer for tida... Denne babydressen vart strikka etter ønske frå ei veninne. Håpar Ingelina kan bruke den, Åse. Artig dress å strikke i ein nydeleg farge! Den er strikka i str 2 år. Knappane er forresten treknappar og ikkje kvite,- sola gav visst litt gjenskinn...8. februar 2009
Nok ei hue/ Another hat

I går var me ein liten tur inne hos svigers. Svigerfar meinte at han trong ei hue. Han ville gjerne ha lik den som eg strikka til son hans, men den måtte vere slik at han kunne brette opp kanten. Vel...då var det berre til å strikke. Dei er ikkje heime i dag, men no ligg hua på kjøkkenbordet deira til dei kjem heim att.Kattens faste plass/ The cat's place

_____________________________
7. februar 2009
Cobblestone gensar/ sweater

Då har eg strikka ein Cobblestone til min kjære mann. Eg viste han eit bilete av gensaren og spurde om han hadde lyst på ein slik og det ville han, på ein betingelse at eg brukte garn frå garnlageret mitt. Så då vart det einaste alternativet Peer Gynt. Sidan eg strikka i dette garnet så har eg difor hatt maskeantall etter den største storleiken, men strikka lengden etter den nest minste. Han prøvde den på med ein gong eg var ferdig og den passar perfekt! Gler meg til å starte på litt mindre prosjekt no. ;) Klikk på bileta så vert dei større._____________________________
29. januar 2009
Fiskehue / Fish Hat


______________________________
27. januar 2009
Hue og raggsokkar/ Hat and socks

__________________________
__________________________
25. januar 2009
Babysjal/ Babyscarf
Ei veninne har bestilt eit sjal til sonen sin på 8mnd. Så då var det berre til å strikke. ;) Sender det i posten i morgon, Anette! Håpar Alfred kan bruke det.Mønster: Litt frå Garnstudio og litt mitt eige
Garn: Baby Ull
Pinnenr.: 2,5mm
Mengde: 25gram
Storleik: 12/18mnd
___________________________
A friend of mine asked me if I could knit a scarf for her 8 months old son. So then I had to knit. The yarn is Baby wool and I used needle# 2,5mm.
Isskrapevott/ Icescrapemitten

24. januar 2009
Svalestjert sjal/ Swallowtail Lace Shawl




